Fitjar Fjordhotell 

Hotellet vårt ligg heilt i fjæresteinane i Fitjar sentrum, og me kan nyta solnedgongen i Fitjarvika frå terrassen. 

Me ligg på nordsida av øya Stord, i vår egen kommune Fitjar. Hotellet med sin beliggenheit er eit naturleg stopp for reisande mellom Stavanger og Bergen.

Fitjar Fjordhotell blei opna i 1986 etter næringslivet i Fitjar hadde ytra ynskje om eit hotell i bygda - i startet var det også næringslivet som var eigar av hotellet. I løpet av dei fyrste 10 åra var det fleire eigara og drivara med meir eller mindre gode resultat.

I 1996 hadde Ronald Hareide arbeid ved hotellet i ca 1 år og etter positivt press frå tidligare eigara kjøpte han hotellet og var eigar og dagleg leiar. Det har vært gjort ombygningar og oppjusteringar gjennom alle åra sidan.

Pr i dag er er det totalt 61 rom rom fordelt på 3 bygg - Her får du alt frå fantastisk utsikt til ro og fred med elvasus som sovemiddel.

Som vertskap er det Ronald og Anne Marie som spør om du har sovet godt eller om du ønsker påfyll på kaffien.

Gjennom nesten alle år sidan 1996 har det vært ein stor tradisjon kvar sommar med telt i hagen der me har invitert til Sommarrevy. 3 - 4000 gjester frå fjern og nær har me ønskt velkommen til eit kjempeshow. Tida får vise om det blir fleire Sommarrevyar i Fitjar.

Våre flinke folk

kjøkkensjef Torgeir Johannessen

Kokk Torstein Johansen

Lærling Markus Andre Maraas Jakobsen

Reinhaldar Alma Vasliauskiene

Reinhaldar Manilyn Amores Tufteland

Resepsjonssjef Anne Marie Larsen

Ronald Hareide

Bernt Christian Pettersen Restaurantsjef

Insert Image